Karin Freimann, Monika Narbutaite-Siuksciuviene, Romundset, Karolina Toczydlowska og Janne Freimann.
Karin Freimann, Monika Narbutaite-Siuksciuviene, Romundset, Karolina Toczydlowska og Janne Freimann.

Held 60 menn i arbeid

Då Linn-Cecilie Johansen Romundset starta bemanningsverksemda si i ei hytte i Strandvik for snart sju år sidan, hadde ho knapt tilgang på internett. Før jul flytta ho og dei fire kollegaene hennar inn i flett nye lokale over Joker-butikken i bygda.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg var høggravid med minstemann då eg leverte inn registreringspapira på verksemda, fortel ho.

Romundset og mannen hadde bestemt seg for å flytta frå Os til Strandvik. Men det var vanskeleg å finna hus til leige i bygda. Dermed vart dei buande i ei hytte medan huset deira vart bygt.

- Dei som eigde hytta ville ha ho attende til påske. Vi hadde eit halvt år på oss til å gjera huset ferdig.

Romundset og co. er stolte over dei nye lokala sine i Strandvik. - Det ligg mykje dugnadsinnsats bak desse kontora, påpeikar Romundset.
Romundset og co. er stolte over dei nye lokala sine i Strandvik. - Det ligg mykje dugnadsinnsats bak desse kontora, påpeikar Romundset.

Ettersom hytta ikkje var deira, brukte dei ikkje pengar på å leggja inn internett. Å arbeida med den nyetablerte verksemda, som hadde fått namnet Medio utleieservice, baud difor på utfordringar.

- Eg brukte mobilt breiband, men det var først då vi flytta inn i det nye huset vårt i april 2011, det vart skikkeleg drift i selskapet. Der hadde eg eige kontor, fortel ho.

Selskap på kontoret

35-åringen, som opphavleg kjem frå Nesttun, har ein bachelor i varehandelssleiing. Då ho og familien budde på Os, arbeidde ho med bemanning i Blomsterdalen. Ho har også vore distriktssjef i LIDL.

- Eg har arbeidd med leiing og menneske sidan eg var nyutdanna, seier Romundset.

Som nytilflytta strandvikar trengte ho ny jobb. Vegen attende til bemanningsbransjen var kort. Medio utleieservice driv, som namnet tilseier, med utleige av arbeidskraft. Bransjane verksemda opererer i er først og fremst bygg og anlegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

I starten var Romundset åleine, men det gjekk ikkje lang tid før ho fekk selskap på kontoret. I mars 2012 vart Monika Narbutaite-Siuksciuviene tilsett.

- Monika hadde ein avtale med mannen sin. Anten skulle begge vera igjen i Litauen, eller, dersom han fekk tilbod om jobb i Noreg, så skulle begge reisa. I 2012 tok ho med seg mann og barn og flytta til Strandvik, fortel Romundset.

Trur på vidare vekst

Verksemda til Romundset har vakse seg gradvis større. I dag tel verksemda fem tilsette. Fem kvinner som sysselset 60 menn.

- Vi hadde eit toppår i 2014 der vi omsette for nesten 50 millionar kroner. Elles har vi lege forholdsvis stabilt kring 30 millionar i året, seier ho og legg til:

- Det er ein grunn til at vi har bygt desse flotte lokala. Vi har tru på vidare vekst. Spesielt innanfor andre område, og som eit leidd i det, starta vi sommaren 2016 opp Medio regnskap.

I tillegg til plassen damene sjølv nyttar, står 100 kvadratmeter ledig.

- Anten utviklar vi noko sjølv, eller i kompaniskap med andre, elles så leigar vi ut resten av lokala til ei anna verksemd. Det hadde til dømes vore både praktisk og fornuftig å få ei rein gutebedrift. Gjerne nokon som driv med noko vi kan lite om, seier Romundset og smiler.

Hjelp til å løfta blikket

35-åringen er klar på kva råd ho vil gje til folk som syslar med tanken på å starta for seg sjølv: Sørg for å ha eit godt støtteapparat rundt deg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Å starta eiga verksemd er eit familieprosjekt. Heile familien din må vera innstilt på det. Du treng ein partnar som heiar på deg, og foreldre som kan hjelpa deg med å bringa og henta i barnehagen og på skulen. I tillegg treng du nokon som pushar deg, og som kan hjelpa deg med å setja opp mål for arbeidet, seier ho.

I 2013 kjente Romundset at ho trengte noko meir å strekkja seg etter. Ho ønskte å gjera ein endå betre jobb for verksemda si, og for dei tilsette.

- Eg meldte meg på eit leiarutviklingsprogram som heiter Ledermentor i regi av Innovasjon Norge. Tanken med kurset er å utvikla betre leiarar. Eg fekk min eigen mentor, og lærte utruleg mykje, fortel ho.

I ettertid ser ho at å ha ein eigen læremeister er utruleg nyttig.

- Har du ikkje din eigen mentor, så sørg for å ha eit godt styre, eller ein gründer eller entreprenør med mykje guts og ståpåvilje i nær omgangskrins. Av og til treng ein rett og slett hjelp til å løfta blikket litt, påpeikar Romundset.

Langt frå berre engelsk og norsk

På kontoret i andre høgda på Joker-butikken i Strandvik går det i polsk, italiensk, russisk, litauisk, estisk, engelsk og norsk. Det kjem godt med. Alle arbeidstakarane damene sysselset er nemleg utanlandske.

- Eg tek mi æra i å halda folk i arbeid. Å ha arbeidstakarar som går igjen gjev tryggleik, både for kundane våre og for oss, seier Romundset.

I 2017 ser ho føre seg å ha fullt fokus på kjerneverksemda til Medio utleieservice, nemleg bemanning og rekrutteringstenester.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg kjenner på forventningane eg har til meg sjølv. No er vi komne oss inn i dei nye lokala, noko som skapar eit engasjement hjå meg for vidare vekst. Planen no er å koma seg ut og snakka med ulike firma. Arbeidsmarknaden er i stadig endring. Mange arbeidsplassar vert digitaliserte vekk. Eg synest det er utruleg spennande å læra om korleis utviklinga påverkar verksemdene, og finna ut korleis vi som bemanningsbyrå kan bidra, seier 35-åringen.