Dagleg pressebrifing: Helsedirektør Bjørn Guldvog informerer om koronasituasjonen tysdag. Helsedirektoratet har dagleg pressebrifing om koronavirus-situasjonen.

Helsedirektoratet ventar lokal spreiing av koronaviruset

32 personar var tysdag morgon smitta av koronaviruset i Noreg. Helsedirektoratet ventar lokal spreiing av viruset dei neste dagane.

– Vi går inn i ein ny fase av virusutbrotet, sa direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet på ein pressekonferanse tysdag formiddag.

Han seier at direktoratet ventar risiko for lokal spreiing enkelte stader dei neste dagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Derfor treng vi eit tett samarbeid med folket, sa han vidare og oppmoda folk til å vaske seg på hendene, og dessutan om å bli heime dersom ein føler seg dårleg.