Klart råd: Helsedirektør Bjørn Guldvog ber folk droppa hytteturen.

Helsedirektøren: Ikkje dra på hytta. Ikkje samla born til leiketreff.

Helsestyresmaktene ber folk om å bli heime – og ikkje å dra på hytta. Samtidig blir foreldre rådd frå å samla born til leiketreff.

På den felles pressekonferansen til helsestyresmaktene fredag kom helsedirektør Bjørn Guldvog med ei innstendig oppfordring om at folk som er i heimekarantene og har heimekontor, held seg nettopp heime – og ikkje dreg på hytta.

– Hensikta er å ikkje spreia smitte frå lokalsamfunn til lokalsamfunn. Det kan vere nok med ein person som går mellom lokalsamfunn som gjer at ein får smitteutbrot stadig nye stader, sa Guldvog.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppfordringa gjeld òg dei som ikkje er sett i karantene. Guldvog viste til at mange hyttekommunar er små og har lågare kapasitet på helsetenestene.

– Husk at også du kan bli sjuk. Derfor er det lurt å vera heime, sa helsedirektøren.

– Kjempeviktig

Han viste til at mange hyttekommunar har bede alle hyttegjestene sine om å bli heime denne helga.

– Det kan vere eitt menneske som bringer smitte vidare og som gjer at lokalsamfunnet kan bryta saman. Det er kjempeviktig å lytta til, sa helsedirektøren.

Helsedirektøren uttalte òg at det er opp til kvar enkelt nordmann i utlandet å vurdera om dei vil dra heim, men åtvara mot at land fort kan innføra innreise- og karantenereglar, og flygingar kan bli kansellerte.

– Dropp leiketreff!

Med på pressekonferansen var òg helseminister Bent Høie (H) og direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet (FHI).

Sistnemnde bad om at born blir haldne mest mogleg heime i tida framover og rådde folk mot å samla born til leiketreff. Søsken kan likevel omgåast kvarandre som vanleg.

– Alle born som er heime, blir bedne om å vere mest mogleg heime. Dette gjeld òg barn som framleis går på skule og i barnehage, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Borna kan omgåast søsken som vanleg, og dette gjeld òg barn som bur meir enn ein stad.

Takksam

Helseministeren takka for måten dei kraftige koronatiltaka regjeringa kom med torsdag, har vorte mottekne på.

– Eg opplever at heile befolkninga er med på denne store dugnaden som både handlar om å avgrensa smittespreiinga og jobbeafor å unngå at for mange blir sjuke på ein gong, sa Høie då helsestyresmaktene heldt pressekonferanse fredag.

Høie er i heimekarantene og deltok via videolink. Sjølv om linja var noko dårleg, fekk han gjenteke fleire gonger at han er utruleg takksam for at folk følgjer råda frå styresmaktene, sjølv om det legg avgrensingar på fridommen.

– Dette kostar mykje for mange, sa Høie.

FHI-direktøren beklaga under pressekonferansen forvirring som hadde oppstått gjennom fredagen rundt karantenereglane.

Ho slo fast at dei som har vore utanfor Norden etter 27. februar, eller som har vore i nærkontakt med nokon som har påvist smitte, framleis må vere i heimekarantene i 14 dagar – men ikkje familiane deira, som det vart meldt tidlegare på dagen.

(©NPK)

Artikkelen held fram under annonsen.

På skype: Helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg samt helseminister Bent Høie på skype heldt sin daglege pressekonferanse i forbindelse med koronaviruset på Helsedirektoratet.