Ulukke søndag kveld: Ein tilhengjar velta i nærleiken av ferjeleiet på Venjaneset. På hengjaren skal det ha vore to tankar med diesel.

Hengjar velta: 100—200 liter diesel hamna i vegen

Rett før klokka 23.00 søndag kveld, melde brannvesenet om ei ulukke ved ferjeleiet på Venjaneset.

Innsatsleiar Stian Kvam i Bjørnafjorden brann og redning, opplyste søndag kveld at dei var på staden etter hendinga.

— Det er ein hengjar med diesel som har velta. Bilen har køyrd frå kaien, og dette har skjedd i kort avstand frå ferjeleiet. Vi er i ferd med å få ut absorberande middel, og det kan henda eit køyrefelt blir stengd ei tid, opplyste Kvam vel klokka 23.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva som er årsaka til at hengjaren velta, kunne han ikkje uttala seg om på dåverande tidspunkt.

På Twitter skreiv 110 Vest at det var snakk om 100—200 liter diesel.

— Det er estimatet vi har gjort, ja, stadfesta Kvam søndag kveld.

Det skal ha vore to tankar med diesel på hengjaren.

Vegtrafikksentralen opplyste om glatt veg på staden, og skreiv om diesel i vegen frå kaia og opp til om lag 1,5 km i retning Eikelandsosen.