I kveld vert det idémøte om korleis revitalisera Os inspirerer-prosjektet. Ordførar Terje Søviknes innleier om effekten av prosjektet så langt.
I kveld vert det idémøte om korleis revitalisera Os inspirerer-prosjektet. Ordførar Terje Søviknes innleier om effekten av prosjektet så langt.

Hentar ny inspirasjon til Os inspirerer

I år er det 10 år sidan merkevareprosjektet Os inspirerer vart lansert. No skal prosjektet oppdaterast.

Os inspirerer kom i stand etter eit grundig forarbeid av «Dei 100 vise osingar» i samarbeid med kommunikasjonshuset Grey World Wide, fortel kommunikasjonsrådgjevar i Os kommune, Ragnhild Stende Bjaadal.

Ved rulleringa av kommuneplanens samfunnsdel i september 2015, vedtok eit samrøystes kommunestyre å vidareføre visjonen, misjonen og verdiane frå Os inspirerer-prosjektet for ein ny periode.

Artikkelen held fram under annonsen.

I kveld vert det idémøte om korleis revitalisera prosjektet og ta det vidare.

Kva for innhald skal Os inspirerer fyllast med dei neste 10 åra? Kva konkret skal dei fine orda føra til? Korleis kan vi bruka Os inspirerer til å skape eit samfunn med vekstkraft og evne til å fornya seg sjølv? Dette vert spørsmåla under idémøtet der ordførar Terje Søviknes inneleier, og Arnt Christian Scheele og Arnstein Sarset frå marketingbyrået Los & Co held eit innlegg om merkevarebygging.

Prosjektgruppa for oppdateringa av Os inspirerer, består av ordførar Terje Søviknes, rådmann Christian Fotland, plan- og utviklingssjef Aina Tjosås og kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Stende Bjaadal. Desse ønskjer tankar, innspel og idear frå så mange ulike aktørar i Os-samfunnet som mogleg. I kveld har dei invitert representantar for lag- og organisasjonslivet, næringsliv, politikk, ungdom og eldreråd til idémøtet som finn stad på rådhuset.