Ida Skaathun Blindheim, Tuva Søreid Solberg og Casper Storaker Mellingen i svevet frå stupebrette ved Oseana. (Arkivfoto).
Ida Skaathun Blindheim, Tuva Søreid Solberg og Casper Storaker Mellingen i svevet frå stupebrette ved Oseana. (Arkivfoto).

Her er badetemperaturane i Os

Dei verkelege sommartemperaturane let venta på seg.

Badesesongen har starta for lengst, men det er ikkje trongt om plassen ved badevatna i Os. Onsdag var teknisk drift i kommunen ute og tok temperaturen, og gradene skal nok ha litt av skulda for at osingane ikkje strøymer til vasskanten.

Her er oversikta:

Smievågen 14

Artikkelen held fram under annonsen.

Moldafjøro 14

Mobergsvikjo 13

Kuvågen 15

Skeisstøa 15

Sigurdsvika 16

Søvikvågen 16

Vêrprognosane framover tyder heller ikkje på at badetemperaturane skal auka den neste veka.

Ureint i Moldefjøro

- Vatnet vert også undersøkt for koliforme bakteriar. Det har stort sett vore få problem med det i Os, men det er viktig å ha kontroll på det, sa Bolstad fyrste gong dei var ute på inspeksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Koliforme bakteriar er tarmbakteriar frå menneske og dyr som ikkje overlever lenge i naturen. Difor er TKB-prøver ein god indikator på fersk forureining. Godt eigna badevatn skal ha mindre enn 100 TKB per 100 milliliter vatn. Helsestyresmaktene frårår bading dersom TBK-nivået er over 1000. Dei fleste badevatna slo negativt ut på testen, men Moldefjøro viste 160 TKB.