Vaksine: Med fleire koronavaksinerte bebuarar og besøkande, kan kommunen gjera besøksrutinane ved sjukeheimane litt enklare.

Her er dei oppdaterte reglane for besøk på sjukeheimane

Kommunen gjer besøksrutinane noko enklare.

– Med fleire koronavaksinerte bebuarar og besøkande, kan vi heldigvis gjera besøksrutinane ved sjukeheimane våre noko enklare, skriv kommunen på sine heimesider.

Her er reglane som gjeld no:

Artikkelen held fram under annonsen.

Før besøket

Ring avdelinga for å avtala besøk på førehand.

Talet på besøkande må ikkje vera høgare enn at det er mogleg å halda 1 meters avstand til den du besøkjer, tilsette og andre bebuarar. Her er det unntak for koronavaksinerte besøkande til koronavaksinerte bebuarar, sjå "Under besøket".

Besøkande må følgja gjeldande rutinar og smittevernråd. Vask hendene grundig med såpe og vatn/desinfeksjonsmiddel, også ved besøk utandørs.

Personar med bekrefta eller sannsynleg covid-19-smitte kan ikkje koma på besøk til sjukeheimane. Det same gjeld personar i heimekarantene og personar med symptom på luftvegsinfeksjon. Sjølv ved milde symptom, skal du halda deg heime.

Sjukeheimane held oversikt over besøkande, slik at det er mogleg å gjennomføra smittesporing på ein effektiv måte dersom det skulle bli nødvendig.

Under besøket

Vaksinerte bebuarar kan ha nær fysisk kontakt, til dømes gi ein klem, til eit avgrensa tal uvaksinerte besøkande. Desse må vera dei same over tid. Dersom både bebuaren og dei besøkande er vaksinerte, er det ikkje restriksjonar på talet besøkande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uvaksinerte bebuarar bør unngå tett kontakt ansikt til ansikt.

Alle bebuarar kan ta imot gåver, blomar og liknande.

Dersom besøkande har med mat, må alle vaska/sprita hendene før måltidet. Besøkande kan ikkje nytta kjøkkenet på sjukeheimen.

Alle felles berøringspunkt i rommet kor besøket føregår vil bli reingjort fleire gonger dagleg.