Ny fase: – Vi er no i en fase kor vi veit at det finst spreiing i samfunnet, også utan kjend reise. Det viktige no er at alle som kan vera smitta held seg heime for å unngå smitte til andre, opplyser FHI.

Oppdatert: Her er dei siste pålegga for heimekarantene og testing av koronaviruset

Helsedirektoratet har gitt pålegg om at alle som har vore på reise utenfor Norden i perioden etter 27. februar skal halda seg i heimekarantene i 14 dagar etter hiemkomst.

Det opplyser Folkehelseinstituttet (FHI).

– Vi er no i en fase kor vi veit at det finst spreiing i samfunnet, også utan kjend reise. Det viktige no er at alle som kan vera smitta held seg heime for å unngå smitte til andre, opplyser FHI.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidleg fredag opplyste FHI at dette også skule gjelda deira husstandsmedlemer. Fredag ettermiddag kom kontrameldinga. Dette gjeld ikkje lenger, og FHI kjem med forløpande oppdateringar.

Her er råda frå FHI:

Du kan gå ut av eigen heim, men vert tilrådd å unngå nærkontakt med andre.

Dette omfattar å:

ikkje gå på jobb eller skule

unngå reiser og ikkje ta offentleg transport

unngå andre stader der ein lett kjem nær andre

Nye tilrådingar for testing for covid-19

Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal heller ikkje kontakta helsevesenet - med mindre dei har behov for helsehjelp. Testing er forbeholdt visse pasientgrupper og helsepersonell som får luftvegssymptom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er også svært viktig at vi oppdagar smitte hos dei mest sårbare og hos helsepersonell som skal behandla desse. Hos disse må vi framleis ha fokus på testing og smitteoppsporing, understrekar FHI og legg til at ein test for koronavirus ikkje vil gjera noko utslag for oppfølginga gitt at ein uansett skal overhalda karantenen.

- Vi forstår at alle ønskjer å vita om dei er smitta eller ikkje, men vi er i ein situasjon kor det må gjerast prioriteringar for å beskytta dei mest sårbare i samfunnet og dei som behandlar desse, seier Line Vold, avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet.

Følgjande skal nå testes for covid-19:

Pasientar med akutt innsetjande luftvegsinfeksjon med behov for innlegging på sjukehus

Innlagte pasientar i alle helseinstitusjonar med akutt luftvegsinfeksjon

Tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid som får akutt luftvegsinfeksjon

Person med akutt luftvegsinfeksjon som har vore i nærkontakt med eit bekrefta tilfelle av covid-19. Kva som er nærkontakt vert avgjort av lokale helsestyresmakter.

Spesielt sårbare grupper bør vurderast for testing sjølv ved milde symptom