Gratis tur: Lokkar med gratis tur i skitrekket i Eikedalen i kveld.

Her er det førstemann til mølla

Inviterer til gratis skikveld. - Per no er det ti plassar ledig.

I samarbeid med Gjensidigestiftelsen inviterer Fusa frivilligsentral til gratis skikveld i Eikedalen i dag.

— Me tilbyr gratis kveldskort i skiheisen og buss til og frå Eikelandsfjorden. Per no er det ti plassar ledig, så her er det førstemann til mølla som gjeld frå no av, fortel dagleg leiar i frivilligsentralen i Fusa, Victoria Tverli Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Turen vert arrangert gjennom «Open hall»-tilbodet, som dei har annankvar onsdag, og som tilsvarer Ung Arena i Os.

– Dette blir einaste gong i vinter med gratis tur til Eikedalen, så her må ein vera kjapp om ein skal få vera med, seier Dale.

Ho legg til at ein må berre plinga på til ho for å vera med, men at når ein først har bestilt, så er påmeldinga bindande.

Buss og skikort er som nemnd gratis, men det vert presisert at ein må syta for skiutstyret sjølv.