Mindre forsamlingar: Utandørsaktivitetar som spel og leikar på større idrettsplassar og liknande kan eventuelt arrangerast i små grupper, til dømes i mindre familiegrupper.

Her er regjeringas retningsliner for 17. mai-feiringa 2020

Større feiringar inne i samfunnshus og skulebygg må gå ut. Men lokale korps kan marsjera i gater med avgrensa publikum. Her er lista over retningsliner.

Råda regjeringa og kulturminister Abid Raja kom med før helga, gjeld fram til 4. mai. Då kjem regjeringa tilbake med ei endeleg rettleiing for 17. mai-feiringa i 2020.

* Barnetoga, slik vi kjenner dei, kan ikkje gjennomførast i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Musikkorps kan spela og marsjera der forholda ligg til rette for det. Det betyr at lokale korps kan marsjera i gater og langs vegar viss det ikkje følgjer menneske bak eller mange tilskodarar står langs vegen. Musikantane må marsjera med to meters avstand. Korpsa kan marsjera på stader der innbyggarane kan stå i eigne hagar, på balkongar og i mindre grupper langs vegen.

* Flaggheising og kransenedlegging kan gjennomførast, men berre med eit mindre tal tilskodarar. Korps og kor kan nyttast i slike seremoniar, så sant det er mogleg å halda tilstrekkeleg avstand (2 meter mellom kvar musikant/songar).

* Borgartog der veteranbilar, traktorar og liknande køyretøy blir nytta, kan arrangerast. Vurdering av sikkerheit blir gjort av lokalt politi.

* Utandørsaktivitetar som spel og leikar på større idrettsplassar og liknande kan eventuelt arrangerast i små grupper, til dømes i mindre familiegrupper. Også her må regelen om to meters avstand mellom deltakarar blir overhalden, og dei generelle smittevernråda om handvask, spriting av gjenstandar osb. Talet på besøkande (deltakarar og tilskodarar) må regulerast med eigna vakthald.

* Sårbare grupper som eldre må vernast mot smitte, og desse kan sjå og høyra korps, kor og andre aktivitetar på avstand.

* Matservering/sal av mat kan føregå under føresetnad av tilgang på handvask eller handdesinfeksjon. I tillegg gjeld vanlege retningslinjer som avstand mellom personar både i køen og blant dei som står for serveringa.

* Større feiringar inne i grendehus/samfunnshus og inne i skulebygg må gå ut.