Sandholmane er blant holmane ein ikkje har lov til å gå i land på - eller ferdast nærare enn 50 meter - frå 15. april til og med 31. juli.
Sandholmane er blant holmane ein ikkje har lov til å gå i land på - eller ferdast nærare enn 50 meter - frå 15. april til og med 31. juli.

Her har du ikkje lov til å gå i land

Det er ikkje alle holmane og skjera i Os ein har lov til å gå i land på – eller koma nærmare enn 50 meter.

Os kommune har lagt ut ei sak med ei påminning om at ein må visa respekt for naturreservata når ein er på sjøen.

– Det er freistande å gå i land på ein av dei mange holmane og skjera når ein ferdast på sjøen. Før ein går i land må ein hugsa å sjå etter skilt for naturreservat. Fleire holmar og skjer i Os kommune er verna. Her er det forbod mot ferdsel nærare enn 50 meter, og mot å gå i land av omsyn til fugle- og dyreliv, skriv kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjeld desse holmane

Forbodet mot ilandstiging og ferdsel på verna holmar og skjer i ei sone ut til 50 meter frå land, startar 15. april og varer til og med 31. juli. Dette grunna hekketida. Alle naturreservata er merka med skilting.

I Os kommune er det fem naturreservat der ein ikkje kan gå i land.

– Desse er Raudholmane, Sandholmane, Perholmen, Kubbholmen og dei små øyene Vågsholmen, Gulaskjer, Brattholmen og Grasholmen, opplyser Os kommune på heimesida.

I saka har dei også lagt ved eit kart, som syner desse holmane.