Træo: Om lag 12 husstandar skal framleis vera utan vatn i Sævareid.

Her har vatnet vore borte sidan i går

— Eg har teke med meg nokre tomflasker på jobb i dag for å fylla dei opp.

På Træo i Sævareid har om lag 12 husstandar enno ikkje fått tilbake vatnet etter ein lekkasje ved Sævareid Vassverk.

Les også
Sævareid: Alle skal ha fått vatnet tilbake

Søndag kveld klokka 19 vart det opplyst at alle skal ha fått vatnet tilbake, men det stemmer ikkje for Ingunn Selvik Halvorsen og hennar naboar.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nei, det var i alle fall ikkje vatn i springen i dag tidleg før eg gjekk på jobb.

Mandag morgon har Halvorsen teke med seg tomflasker til Spar Fusa der ho arbeider. Planen er å fylla dei opp og ta med heim.

I går kveld var familien ein tur til Arna. Då nytta dei høvet til å henta med seg vatn derfrå.

— Dei tre litrane du vert rådd til å ha i beredskap er berre bullshit. Du treng mykje meir enn det, seier ho og ler.

— Det verkar som om du tek det med fatning?

— Tja, det er ikkje så mykje vi får gjort det med. Vi får sjå løysingar i staden for problem.

Ventar på dagslys

Hos Sævareid Vassverk vert det jobba hardt for å retta opp i feilen. Det fortel leiar Lasse Johan Sævareid.

— Vi har ein lekkasje i området ved Træo, men vi må ha dagslyset med oss for å sjå om vi kan finna feilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndag mista alle dei om lag 150 abonnentane vatnet. Dei fleste fekk det att utover dagen, men så mista dei det att.

— Vi trur at problemet ligg i området ved Træo, men vi har ikkje greidd å lokalisera lekkasjen heilt enno.

Medan nokre av abonnentane i området har bittelitt vatn i krana, er dei høgasteliggande husa heilt utan.