Det blir kalde vinterdagar i Os og Fusa i tida framover. Kanskje vert det også skeisetrygge vatn om ikkje lenge.
Det blir kalde vinterdagar i Os og Fusa i tida framover. Kanskje vert det også skeisetrygge vatn om ikkje lenge.

'Her kommer vinteren'

Han har knapt vore innom Vestlandet så langt, men til helga kjem vinteren.

Magne osingar og fusingar vakna til snø fredag morgon. Vêrprognosane tyder på at me truleg får endå meir kvit nedbør i løpet av laurdag og søndag.

- Me kan med rette slå fast at dette blir den første skikkelege vinterhelga her på Vestlandet. Frå og med i kveld kryp temperaturane under nullpunktet både i Os og Fusa og i morgon blir det kaldt, fint vintervêr, lovar vakthavande ved Meteorologisk institutt i Bergen, Unni Nilssen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir snø i høgda

Ho tek seg litt i det og antydar likevel at noko av nedbøren kan koma som sludd.

- Dess nærmare ein er kysten, dess større sjanse er det for sludd. Innover i fjordane og oppover i fjellet vert det snø, seier Nilssen.

For dei som måtte ønskja seg ein skitur, meiner ho tilhøva er gode.

- Både på Kvamskogen, Voss og Myrkdalen er det strålande tilhøve. På Kvamskogen er det alt over 75 cm med snø. I Myrkdalen endå meir, seier meteorologen.