Kontroll: UP og lokalt politi, hadde laser- og promillekontroll på Halhjemsvegen torsdag.

Her var det fleire som fekk svi

Saman med Utrykkingspolitiet (UP), stilte lokalt politi seg opp på Halhjemsvegen torsdag.

Torsdag ettermiddag gjennomførte UP og politi frå Bjørnafjorden politistasjon trafikkontroll med laser på Halhjemsvegen.

— Sju personar fekk førelegg for å ha køyrd for fort. Høgaste hastigheit var 88 km/t, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er 70-sone på staden. Det blei i tillegg kontrollert om bilførarane hadde promille. Det var ikkje utslag på nokon av dei 34 kontrollerte, opplyser politiet i ein e-post.