Fleire hestar har stukke av frå inngjerdinga si dei siste dagane.
Fleire hestar har stukke av frå inngjerdinga si dei siste dagane.

Hestar på rek

Fleire gonger i løpet av dei siste dagane, har politiet i Os fått melding om lause hestar.

- Hestar er langt meir ubereknelege i trafikken enn til dømes sauer. Det kan lett oppstå trafikkfarlege situasjonar, seier lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal.

Både i helga og i dag tidleg, har politiet fått melding om hestar som oppheld seg på stader dei ikkje bør vera.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hestane går ut frå inngjerdinga si, og mot vegen. Dette skjer både innover mot Hegglandsdalen og utover mot Halhjem, seier Dyrdal og oppmodar hesteeigarane om å passa betre på dyra sine.

Elles har det vore roleg i trafikken i helga.

- Vi har kontrollert fleire køyretøy, men det var ingen som fekk nokon spesielle reaksjonar, opplyser lensmannen.