Rektor på Os gymnas, Trond Eikeland, fortel at det er historisk få søkjarar til Os gymnas.
Rektor på Os gymnas, Trond Eikeland, fortel at det er historisk få søkjarar til Os gymnas.

Historisk få søkjarar

Slik det ser ut, vil det berre starta opp to førsteklassar på Os gymnas til hausten. – Det er ei lita krise, vedgår rektor Trond Eikeland.

– Det har ikkje skjedd i mi tid som rektor at vi berre har hatt to klassar. Vi har tenkt at vi skal utvida frå tre til fire. Kvifor det er så få søkjarar i år, det er eit godt spørsmål. Vi må finna årsaka, seier Eikeland.

Det er i skrivande stund 65 søkjarar. Det er ikkje bestemt at det berre blir to klasser.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har fått beskjed om å planleggja som om det blir to. Det kan vera at det blir tre, men det ser ikkje slik ut no, seier Eikeland.

Bergensskulane

Ein del av grunnen til søkjartalet er ifølgje Eikeland at fleire har valt bergensskulane igjen.

– Det er også kome oss for øyret at fleire vel service og samferdsel og eit tredje år med allmenn påbygg, med tanke om at dette er ein «enklare» veg. Det meiner eg er feil. Sjølv flinke elevar slit når dei kjem til det tredje året og må gjera seg ferdige med matematikk, naturfag og ti timar norsk i veka, som dei ikkje får tatt i løpet av dei to første åra. Dette kan uansett vera litt av forklaringa til det låge søkjartalet, seier Eikeland.

Søkjartala frå Os vidaregåande kjem vi tilbake til over helga.