Kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen, ber førarar setja seg inn i forskriftene for bruk av vassjet.
Kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen, ber førarar setja seg inn i forskriftene for bruk av vassjet.

Hit kan du køyra - men ikkje lenger

Køyrer du med vassjet forbi skiltet som Lisbeth Axelsen står ved, begår du eit lovbrot.

- Skilta er ikkje særleg gode, men ein har ikkje i nokon samanheng lov til å køyra med vassjet i Oselva, som sluttar her ved skiltet, seier kultursjefen i Os kommune.

Folkeopplysning frå kultursjefen

Etter at totalforbodet mot vassjetane vart oppheva, kan det verka som at nokon har fått inntrykk av at det ikkje finst reglar for vassjetkøyring. Då Toril Keys og Dan-Jarle Raustein var på tur i Finnebrekka sist veke, vart dei vitne til atHamnesjefen vart plaga av nokre unge vassjetførarar. Axelsen har sjølv sett vassjet-køyring ved kaien utanfor Esso og Peppes.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er nok ikkje alle som er klare over reglane, men dei som køyrar vassjet, er pliktige til å setja seg inn i forskriftene, seier Axelsen.

Ho legg til at ho ikkje trur at alle bryt reglane, men at det er nokre som øydelegg for resten.

- Eg går ikkje ut i media for å vifta med peikefingeren, men eg ønskjer å opplysa om reglane, seier ho.

Ulovleg i elv

Det er nemleg slik at det ikkje er fritt fram overalt. I eit heildekkande belte på 400 meter ut frå land, er det til dømes ulovleg. Men det finst også unntak.

- Det er tillete med transportkøyring gjennom forbodsbelta. Det er nok eit spørsmål om kva som vert meint med transportkøyring, men det er det heldigvis ikkje opp til meg å definera, seier Axelsen.

I Oselva finst det ingen unntak.

- Ein har ikkje lov til å køyra i elvestrekningar og verneområde, seier Axelsen.

Sjå reglar og kart

På Miljødirektoratet.no, kan ein sjåkart over forbods- og verneområde i Os og Fusa. Her kan ein lesa omforskriftene for bruk av vassjet.