Hjartetre: To slike tre er no fylte med juleønske. Om fleire treng hjelp, er oppmodinga å melda frå så snart som råd.

Hjartetre-suksess: Berre dei første to dagane vart det kjøpt inn 70 gåver

— Hjartetre-prosjektet har verkeleg slått an, smiler Stine Kobbeltvedt.

Leiaren i Os Frivilligsentral er stornøgd med årets nye prosjekt.

— Det har lenge vore eit ønske at me også i kommunal regi skulle få til ei støtteordning for dei som kjenner ekstra på behovet for hjelp i juletida, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førre laurdag vart hjartetreet sett opp ved heisen på AMFI Os. Sist laurdag kom eit tilsvarande tre opp i Fjord’n senter.

— Me er veldig nøgde med at me no kan hjelpa vanskelegstilt på begge sider av fjorden. Det er nok mange som har merka at høge prisar og rekningar gjer kvardagen tøffare. Då kan det vera godt å få litt hjelp med innkjøp av julepresangar, seier Kobbeltvedt.

Ber fleire melda seg

Prosjektet går ut på at ein plukkar eit ønske frå treet og kjøper det produktet som er skrive ned på lappen. Butikkane i AMFI Os og Fjord'n senter ta vare på pakkane. 11. desember vert dei leverte til frivilligsentralane.

— Deretter vil me sortera og organisera utkøyring til dei som har ønskt seg dei ulike gåvene, fortel Kobbeltvedt.

Prosjektet er eit samarbeid med privatpersonar, næringslivet og folk som jobbar med å hjelpa vanskelegstilte.

— Me har heile tida følarar ute på kven som kan trenga litt hjelp, men me vil også svært gjerne at folk tek kontakt med frivilligsentralane. Det er mange som slit. Ingen skal kjenna på noka skam for å ønskja seg litt hjelp i ei tid som dette, slår Kobbeltvedt fast.