Søfteland ungdomslag treng hjelp til å skifta vindauge, samt innreia det nye kino/spel/underhaldnings-rommet. Slik det er no, kan dei ikkje bruka rommet, då vindauga ikkje er godkjende for rømningsvegar.
Søfteland ungdomslag treng hjelp til å skifta vindauge, samt innreia det nye kino/spel/underhaldnings-rommet. Slik det er no, kan dei ikkje bruka rommet, då vindauga ikkje er godkjende for rømningsvegar.

Hjelp Søfteland til ny kino!

Søfteland Ungdomslag har store planar for kinorommet i ungdomshuset Urheim. Med di hjelp kan dei få støtte av BKK.

Ungomdslaget er nemleg ein av 25 nominerte i BKKs Sosial energi-tiltak, der dei ønskjer å støtta tiltak som skaper energi i BKKs eigar- og vertskommunar. Det skal vera tiltak som samlar folk anten i deltaking eller som publikum.

Søfteland ungdomslag har altså søkt om støtte til å ferdigstilla kinorom.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi treng hjelp til å skifta vindauge, samt innreia vårt nye kino/spel/underhaldnings-rom. Slik det er no, kan vi ikkje bruka rommet, då vindauga ikkje er godkjende for rømningsvegar. Vi har blant anna projektor og stereoanlegg, og det er frustrerande å ikkje kunna bruka dette på grunn av dei dyre vindauga som må skiftast, skriv ungdomslaget i søknaden, og held fra:

- Våre arrangement er veldig populære i ei bygd i kraftig vekst! Alle liker ikkje å dansa, så vi er no på jakt etter «fleire bein» å stå på.

Frist for å stemma og hjelpa ungdomslaget på Søfteland, er 20. februar. Dei 15 heldige som får støtte fra BKK, blir kunngjort på BKK sine heimesider og på Facebook.

Per no ligg Søfteland på topp! Her kan dustemma!

jostein@osogfusa.no