Oselvarnaustet ser ut til akkurat å gå klar for 20-års-floen.
Oselvarnaustet ser ut til akkurat å gå klar for 20-års-floen.

Høg flo, men ikkje rekordhøg

Rekorden for Bergen og omeign er 2,40 m over lågvatn. Dagens 20-årsflo blir minst 15 cm lågare.

- Det blir høg vass-stand, men det er ikkje snakk om rekordhøgde. Truleg snakkar me om ein høgde på kring 2,25 m, seier meteorolog ved meteorologisk institutt i Bergen, Frode Hassel.

Då Os og Fusaposten prata med han i ti-tida i dag, rekna han med at vatnet ville stiga i endå ein time.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Toppnivået i Bergen og omeign vert ca klokka 11. Me reknar med at vatnet vil stiga kring 10-15 cm til før det snur, konstaterte Hassel då.

Os går klar

I så måte er det mykje som tyder på at det meste av Os går klar. Tradisjonelt bruker vass-standen ved springflo å gå over kaikanten ved Handlegården. Det gjer den gjerne i dag også, men elles ser det ut til at vatnet stoppar på rett side av bryggjekanten.

- På 1990-talet hadde me fleire tilfelle av det me kallar 20-årsflo. Då var me godt over 2,30 m ved fleire høve. Dagens flo vert meir som den me hadde i 2005 - altså kring 2,25 m høg.

Vass-standen er venta å nå endå 10-15 cme høgare enn dette.
Vass-standen er venta å nå endå 10-15 cme høgare enn dette.

- Korleis vert høgda på høgvatnet i kveld?

- Det vert noko ganske anna. då reknar me med at vass-standen stoppar når han når kring 1,95 m over lågvatn, avsluttar Hassel.