Klokka 4 fekk dei besøk av politiet pga. høg musikk. (Illustrasjonsfoto)
Klokka 4 fekk dei besøk av politiet pga. høg musikk. (Illustrasjonsfoto)

Høg musikk klokka 4 om natta

Politiet måtte be bebuararar i Solstrandvegen om å dempa musikken natt til søndag.

Uro i sentrum var heilt fråverande natt til sundag. Heller ikkje då nattklubbane stengde måtte politiet gripa inn. Det einaste i politiloggen fann stad eit godt stykke utanfor sentrum, og då i ein privat heim.

- Politiet fekk melding om at nokon spelte høg musikk i ein bustad i Solstrandvegen, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Musikken vart skrudd ned så snart politiet viste seg, og freden kunne igjen senka seg over bygda. Heller ikkje ein trafikkontroll gav noko resultat å melda om.