Folkeaksjonen mot bru over Bjørnefjorden aksjonerte i ettermiddag då Vegvesenet arrangerte idémyldringsmøte.
Folkeaksjonen mot bru over Bjørnefjorden aksjonerte i ettermiddag då Vegvesenet arrangerte idémyldringsmøte.

Høg temperatur under bru-demonstrasjon

Eit heftig ordskifte utvikla seg utanfor Oseana då demonstrantar i ettermiddag møtte opp for å protestera mot bruplanane samtidig med Vegvesenets idémyldringsmøte.

Frå klokka 14.15 stod rundt 10 aksjonistar frå Folkeaksjonen mot bru over Bjørnefjorden og delte ut brosjyrar til dei som var inviterte til Vegvesenets idémyldringsmøte. Dei færraste tok i mot brosjyrane.

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, sa til demonstrantane at dei heller burde vera med på møtet for å bidra konstruktivt. June Morfjord frå Folkeaksjonen meinte at Tjosås problematiserte deira blotte nærvær.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne demonstrasjonen er lovleg og fredeleg. Os kommune må akseptera at det finst ulike syn på saka, og me har lov å gje uttrykk for det, sa ho.

– Men då må det jo vera betre å koma fram med dykkar meiningar i sjølve møtet, seier Tjosås.

– Tjosås har tydeleg reagert på at me står her. Det er du som står her og lagar trøbbel no, ikkje oss, sa Morfjord vendt til Tjosås.

Dei som skulle på idémyldringsmøte måtte forsera denne gjengen med demonstrantar.
Dei som skulle på idémyldringsmøte måtte forsera denne gjengen med demonstrantar.
Folkeaksjonens Vibeke Harild leverte brosjyre også til Statens Vegvesen.
Folkeaksjonens Vibeke Harild leverte brosjyre også til Statens Vegvesen.
Signe Eikenes sa at det ikkje er Vegvesenet motstandarane treng å overtyda, men sentrale politikarar som har gjeve dei eit oppdrag.
Signe Eikenes sa at det ikkje er Vegvesenet motstandarane treng å overtyda, men sentrale politikarar som har gjeve dei eit oppdrag.

– Du legg ord i min munn som eg ikkje har sagt. Eg har ikkje noko i mot at de står her, men det er synd at dei ikkje brukar sjansen til å medverka i ein planprosess, sa Tjosås.

– Me kan ikkje medverka i noko me ikkje vil ha, sa Morfjord.

– Når planen er ferdig, så er løpet lagt, repliserte Tjosås.

– Brua er ikkje vedteke enno, sa Morfjord.

– Det må gå an å ha to tankar i hovudet på same tid, sa Tjosås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reagerte på trussel

Like før klokka 15 kom ordførar Marie Bruarøy. Ho sa til lokalavisa at reagerte på pressemeldinga Folkeaksjonen hadde lagt ut før møtet, og som var refert i tysdagsutgåva av Os og Fusaposten. Der gav dei uttrykk for at dei som deltok på idémyldringa til Vegvesenet var med og «legitimera massive, evigvarige øydeleggingar i osbygda ved bygging av fossil monsterbru».

– Det er ein form for trussel mot dei som møter her i dag, og det er på kanten. Det er å leggja ein byrde på dei som kjem hit i dag som eg ikkje synest er okei, sa ordføraren.

Lokalavisa vart beden om å ikkje ta bilete inne i sjølve møterommet. Signe Eikenes meinte det kunne vera ubehageleg for dei som var til stades å bli teke bilete av og referert i avisa.

– Ein bør kunne snakka fritt på eit slikt møte, utan å vera redd for at det ein seier hamnar i avisa, sa Eikenes. Lokalavisa vart likevel invitert til å vera med på oppsummeringa nokre timar seinare. 

– Ingen skal føla skuld

Os og Fusaposten fekk lov å vera med på innleiinga av idémyldringa der prosjektleiar for E39 Stord-Os, Signe Eikenes, og ordførar Marie Bruarøy tok ordet.

– Eg vil takka dei av dykk som har kome her trass i at det kan vera ei personleg belastning. Eg forstår det at nokon føler at dei kjem i ein skvis når dei eigentleg ikkje vil ha brua. Men Statens vegvesen har faktisk ikkje kunnskap om kor me badar, kor me køyrer med båten, eller kor me går på tur. Den kunnskapen er det viktig at me deler med Vegvesen. Og de skal ikkje tenkja at deltaking her gjer at de skal føla skuld for noko, sa ordførar Marie Bruarøy.

- Ikkje oss dei må overtyda

– Takk for at de som er leiarar i lokalmiljøet på Søre Øyane har takka ja til invitasjonen. De har ein lokalkunnskap om korleis området i Øyane blir brukt i dag som me treng i vår planlegging, sa Eikenes i si innleiing.

– Eg forstår dei som er motstandarar av brua også. Det er jo slik at det ikkje er dei som bur i Øyane som har bede om ei slik bru, men storsamfunnet har bede om det. Det betyr nokre inngrep der vegen kjem, og skjønar at det er motstand mot det. Men det er ikkje oss i Statens vegvesen motstandarane då må overtyda, men sentrale politikarar. Desse må då koma med eit nytt oppdrag til oss. Slik det er no er vårt oppdrag å planleggja ferjefri E39 på best mogleg måte. Når først vegen skal gå der, må me tenkja om det er noko me kan gjera for at det ikkje berre skal bli negativt, men at det kan få ein meirverdi, sa Eikenes.