66,2 MW: Det er berre tidlegare Os kommune som inngår i nettområdet til BKK Nett, og her var forbruket 66,2 MW.

Høgaste straumforbruk nokon gong i Os

Aldri før har straumforbruket i tidlegare Os kommune vore høgare enn sist veke, med ny rekord måndag 8. februar.

Det opplyser BKK i ei pressemelding.

– Det har kome godt med at vi har kraftverk med store magasin der vi har lagra vatn for å kunna produsera gjennom vinteren, seier divisjonssjef Erik Spildo i BKK Produksjon i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye rekordar

Mange kommunar i området til BKK Nett sette ny straumrekord sist måndag. Dei gamle rekordane var frå 20. januar 2016. Det var også rekordhøgt straumforbruk 4. mars 2018, men her manglar BKK tal på kommunenivå.

Det vart også sett ein straumrekord i Bjørnafjorden kommune. Det er berre tidlegare Os kommune som inngår i nettområdet til BKK Nett, og her var forbruket 66,2 MW. Toppen i 2016 var på 54,6 MW. Auken for Os er på heile 21,2 prosent.

God magasinfylling

BKK opplyser at dei og andre kraftprodusentar i Norge har vore godt førebudde på ein kald vinter.

– Magasinfyllinga var ved årsskiftet rekordhøg. Tal frå NVE viser at magasinfyllinga i snitt i Norge var på heile 82,3 prosent ved årsskiftet. Til samanlikning var den 63,4 prosent ved utgangen av 2019. Etter den kalde starten på 2021 viser dei siste tala frå NVE at magasinfyllinga er 63,6 prosent, opplyser selskapet.

– I fjor var vinteren rekordmild og kraftproduksjonen veldig høg på grunn av mykje nedbør. Det gav rekordlåge straumprisar gjennom heile året. Starten av dette året er det motsette - tørt og ekstremt kaldt med rekordhøgt kraftforbruk, kommenterer Spildo.

For å dekkja det høge kraftforbruket, utnyttar både BKK og andre kraftprodusentar all tilgjengeleg produksjonskapasitet.

– Det medfører særleg høge kraftprisar når forbruket er på sitt høgaste, og ein relativ høg kraftpris totalt sett. Kraftprisen blir også påverka av at det blir produsert mindre vindkraft både i Norden og på kontinentet med den vêrtypen vi har hatt no, seier Spildo.

Ekstra mannskap i sving

Kald vinter og rekordforbruk av straum er også ei utfordring for BKK Nett, som har ansvaret for 27. 500 kilometer med straumnett i Vestland fylke. Trass den kalde vinteren og rekordhøgt straumforbruk, har det ikkje vore nokon auke i talet på straumbrot, opplyser selskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det svært høge forbruket kan nokre stadar gje lågare spenning i nettet, og vi er i gang med å gjennomføra ei rekkje tiltak for å auka kapasiteten. Vi har mange fleire enn normalt som jobbar med dette no, både planleggjarar og montørar. Vi justerer transformatorar for at dei skal levera høgare spenning, og vi legg om nettet for å fordela lasta betre. I tillegg byggjer vi nokre stadar støttenett for å betra kapasiteten, fortel regionleiar Truls Reed Tystad i BKK Nett.