Høgsesong for bustadbrannar: – Sjekk røykvarslaren
I Bjørnafjorden kommune har det dei siste fem åra vore 55 bustadbrannar.
I tillegg har det vore 24 branntilløp i komfyr i same periode. Dette er tilløp som fort kunne ha utvikla seg til bustadbrannar. Det skriv Bjørnafjorden brann og redning i ei pressemelding i samband med Røykvarslardagen 1. desember.
I samband med denne dagen gjennomfører Bjørnafjorden brann og redning stand på Fjord'n senter i Eikelandsosen og Amfi Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og det må vera minst éin varslar i kvar etasje. Du bør testa røykvarslarane dine jamleg, og kvar gong du har vore bortreist i lengre tid. Det er også lurt å støvsuga varslarane regelmessig. Det gjer at dei varer lenger, seier brannførebyggar Joakim Janssens.
Han legg til at Røykvarslardagen er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi no går inn i ei tid der det tradisjonelt oppstår mange brannar.
– Det viktigaste du kan gjera for branntryggleiken heime, er å sjekka at alle røykvarslarane i bustaden fungerer slik dei skal. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er attlaten, påpeikar Janssens.
Røykvarslarar skal i regelen bytast ut etter åtte til ti år. Sjekk produksjonsdatoen på baksida, oppmodinga. I rom med mykje støv og ureinske, kan detektoren bli ustabil og ha kortare levetid.
– Levande lys, peiskos, bruk av komfyr og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å sjekka røykvarslarane og eventuelt byta batteri på Røykvarslardagen 1. desember, oppmodar Janssens.
Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brannvernforeininga, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, det lokale el-tilsynet, brannvesenet og Gjensidige.