Rykte ut: Onsdag kom det melding frå ein som hadde høyrd skot frå ei uvanleg retning i forhold til Ulven. Politiet rykte ut og kom i kontakt med ein person som hadde fyrt av skot på sin eigen eigedom.

— Høyrde fleire skot frå ei uvanleg retning i forhold til skytebanar på Ulven

Viste seg å vera ein person som skaut på blink.

Skytinga skal ha gått føre seg på eigedomen til personen som skaut på blink. Onsdag formiddag kom meldinga inn til politiet, og dei drog til staden.

— Truleg var aktiviteten innafor gjeldande lover og reglar, men politiet ser gjerne at ein gjev beskjed i forkant, når ein kan forstå at andre kan reagera på slik aktivitet, skriv politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Låste seg inne

I 15-tida kom det inn melding til politiet om at ein person hadde låst seg inne på NAV og ikkje kom seg ut.

— Det ordna seg etter kvart og før politiet kom til staden, skriv Birkeland.

Laus hund

Det var ein del oppdrag for politiet å rykka på onsdag. Onsdag ettermiddag var dei på AMFI Os for å visa bort ein person som skal ha oppført seg truande og skremmande overfor andre, opplyser politioverbetjenten.

Onsdag kveld i 20-tida, rykte politiet ut etter melding om laus hund på Haugland.

— Politiet var på staden og fekk kontakt med rette eigar, skriv Birkeland.