Vart gløymd: — Eg gløymde rett og slett å melda frå, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).

Hummarbrølar av ordføraren: Vil ta straffa som truleg kjem

Ordførar Terje Søviknes (Frp) har brote regelverket for oppbevaring av hummar i fredingstida.

Det var VG som først omtalte saka onsdag kveld. Søviknes skal ha hatt om lag 30 hummar gåande i samleteine. Han fortel at han gløymde å melda dette inn til Fiskeridirektoratet innan fristen 1. desember.

— Det har vore ein ekstremt travel haust, der mykje av merksemda mi har vore retta mot budsjettarbeid og anna arbeid i kommunen og fylkeskommunen. I tillegg reiste eg til utlandet 1. desember, og så berre glapp det heilt, seier Søviknes i saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

I VG-saka kjem det fram at det er lov å oppbevara hummar i sjøen i desember. Men dersom oppbevaringa skjer frå og med Vestland til grensa mot Sverige, skal det sendast ei melding til Fiskedirektoratet.

Då det blei gjennomført kontroll på kaien hans i Lysefjorden 4. desember, fann Fiskeridirektoratet og Kystvakta humrane.

— Det er utelukkande mitt ansvar, og eg kan ikkje anna enn å leggja meg heilt flat, akseptera beslaget av vel 30 humrar og ta straffereaksjonen som truleg kjem.

Det har førebels ikkje lukkast Os & Fusaposten å koma i kontakt med ordførar Søviknes.