Bergingsoppdrag: Bjørnafjorden brann og redning er på veg for å hjelpa ein hund som har falle på sjøen.

Hund berga på land

Bjørnafjorden brann og redning er ute for å hjelpa.

Klokka 15.32 melde 110 Vest på X at ein hund har ramla på sjøen i Bjånesvegen.

Brannvesenet drog straks av garde for å bistå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 15.45 kan vakthavande i brannvesenet fortelja at hunden er komen på land. Han veit ikkje kva som har skjedd, eller korleis hunden har det.

Vi får håpa hunden har tjukk pels, for gradestokken viser fire minus og det er rett og slett bikkjekaldt.