Nesten optimalt: I 2023 blir det nesten optimalt med fridagar. (Illustrasjonsfoto)

I 2023 er fleire av fridagane i din favør

Nesten alle dei «rørlege fridagane» fell på ein kvardag i 2023.

I Noreg er det fem raude dagar som alltid kjem på same dag i veka og «garanterer» fri for mange arbeidstakarar.

Desse er skjærtorsdag (alltid torsdag), langfredag (alltid fredag), Kristi himmelfartsdag (alltid torsdag), 2. påskedag og 2. pinsedag (begge alltid måndag).

Artikkelen held fram under annonsen.

Utanom desse, er det fem faste, men mindre føreseielege offentlege heilagdagar og høgtidsdagar. I 2023 hamnar fire av fem i din favør:

Kor mange ekstra fridagar ein får, varierer frå år til år. I 2022 var det berre to av fem potensielle dagar som kom på ein kvardag. Førre gong alle fem dagane var på ein vanleg vekedag var i 2019.