Vaksinering: I dag er det influensavaksinering i Oshallen og i Fjord`n senter.

I dag er det drop-in for influensavaksine i kommunen

Massevaksineringsteamet er i dag klare for å vaksinera mot influensa både i Oshallen og i Fjord`n senter.

Til og med i går kveld hadde kring 200 personar meld seg for vaksinering, men kapasiteten er langt større.

— Me har fulle team både i Oshallen og Fjord`n senter fram til klokka 15.00 i dag. Dei som no kan stikka innom for drop-in-vaksine mot influensa, er personar over 65 år, eller personar som grunna sjukdom er i risikogruppa. I tillegg vaksinerer me helsepersonell og gravide, fortel assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Klar oppmoding frå kommuneoverlegen om influensavaksine
Les også
FHI snur: Tilrår å prioritera tredje dose med koronavaksine