Naudvarsel: Regjeringa skal onsdag testa det splitter nye naudvarselet for mobil.

I dag skal alle mobilar ula og vibrera klokka 12

Klokka 12 onsdag vil mobilar i heile landet pipa og vibrera, når eit nytt varslingssystem for mobil skal testast.

Regjeringa skal onsdag testa det splitter nye naudvarselet for mobil, som er eit supplement til Sivilforsvarets velkjende sireneanlegg.

Testen av det nye varslingssystemet vil gå ut til mobiltelefonar i heile landet. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) opplyser at mobilar som mottek nødvarselet vil vibrera og spela av høg, sireneaktig lyd i omtrent 10 sekund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein tekst som forklarer at dette er ein test av naudvarsel vil dukka opp på skjermen.

For ikkje å få varselet, må telefonen vera i flymodus eller heilt skrudd av. Innstillingar som lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande, blir overstyrt. Varselet vil også bryta inn viss du er i ein telefonsamtale eller høyrer på musikk.

Samtidig med det nye naudvarselet for mobil skal også Sivilforsvaret gjennomføra test av 1.200 sireneanlegg.

NRK skriv at målet med testen er todelt. For det første skal han gjera befolkninga kjend med korleis det opplevast å få naudvarsel på mobilen. Samtidig skal testen sikra at systemet fungerer slik det skal.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) kallar nye nødvarsel på mobil for eit sjumilssteg for beredskapen.

– Eit sjumilssteg for beredskapen

Naudvarsel på mobil blir rulla ut for første gong i Noreg.

– Nye naudvarsel på mobil er eit sjumilssteg for beredskapen. Rask og sikker kommunikasjon om fare eller krise gir meir tryggleik, og har vore ei viktig prioritering for Senterpartiet og Arbeidarpartiet i regjering.

Det sa justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) då regjeringa lanserte den nye tenesta i slutten av mai.

– Regjeringa ville få systemet raskt på plass i ein tryggingspolitisk krevjande situasjon, sa justisministeren vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho understreka at Sivilforsvarets sireneanlegg berre når ut til rundt halve befolkninga. Naudvarsel på mobil kan varsla heile landet raskt.

Vil merkast godt

DSB opplyser at testen kan merkast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spela av lyd samtidig. I tillegg til mobiltelefonar vil nokre nettbrett og smartklokker også kunna få varselet.

På Krisesenteret i Bergen planlegg dei tilsette å sitja saman med brukarane når naudvarselet blir testa, skriv NRK.

– Mange av brukarane våre får ikkje med seg informasjonen som går ut på førehand om denne testen, seier leiar Pia Krüger Grønqvist ved Krisesenteret til NRK.

– Det er anten fordi dei har meir enn nok med sitt og den situasjonen dei er i, eller fordi dei ikkje kan norsk, seier ho.