I dag tidleg var det ein sko. No er det ei pappøskje.
E39 Skogafjelltunnelen i retning Halhjem er open for fri ferdsel.
Venstre felt i tunnelen er no open igjen etter at ei stor pappøskje på vegskuldera førte til stenging for litt sidan.
Ein entreprenør har vore på staden og fjerna pappøskja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det melder Vegtrafikksentralen på X kl. 18.53.
I dag tidleg skapte ein sko krøll i retning Bergen. Også då i venstre felt.
Det er uvisst om det er same bilist som eig både skoen og pappøskja.