I forholdsvis god behold

Mannen som vart funnen i Vallaelva i natt var i forholdsvis god behald og sleppte å bli køyrt til sjukehus.

Det fortel vakthavande ved Ved Vest politidistrikt, Kjersti Eidsnes, til Os og Fusaposten.

Det var klokka 05.35 i natt at politiet fekk melding om at ein 22 år gamal mann sat fast i ei elv i Os. Meldingen kom frå mannens foreldre.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Mannen hadde sklidd ned ein skråning, hamna uti ei elv, og klarte ikkje koma seg opp att. Medan han sat fast der, ringde han foreldra som igjen kontakta oss, fortel Eidsnes.

Politiet leita første i eit område ved Halhjem ferjekai, men det viste seg å vera feil plass.

- Korleis den misforståinga oppstod, veit eg ikkje, men etter å ha spora telefonen hans, fann politiet ut at han befant seg nærmare Os sentrum, fortel Eidsnes.

Klokka 06.48 fann politiets hundepatrulje mannen i Vallaelva.

- Då heldt han seg fast i eit tre midt i elva. Han var berusa og sterkt nedkjølt, men vart likevel funnen å vera i såpass god behold at det heldt med ein tur innom legevakta, fortel vakthavande ved Vest politisentral

Båt på rek

Klokka 13.00 søndag føremiddag fekk politiet i Os melding om ein båt på rek utanfor Søre Neset. Båten - ein Askelad 14 fotar - er no taua til land. Politiet ønskjer å koma i kontakt med eigaren.