Per Angel frå ID-gruppa til Kripos informerer pressa om identifiseringsarbeidet i samband med helikopterulukka ved Turøy i Øygarden.
Per Angel frå ID-gruppa til Kripos informerer pressa om identifiseringsarbeidet i samband med helikopterulukka ved Turøy i Øygarden.

Identifiseringsarbeidet i gang

Politiet har gjeve seg sjølv frist på fem dagar til å identifisera dei omkomne etter helikopterstyrten på Turøy fredag føremiddag.

Laurdag morgon var det pressebrief utanfor politihuset i Bergen. Der kunne stabssjef Gustav Landro og Per Angel frå ID-gruppa i Kripos fortelja at det var ein krevjande åstad, men at identifiseringsarbeidet var i gang.

- Vi har 18 personar i arbeid både på ulukkesstaden, politihuset og på pårørandesenteret på Kokstad, sa Angel.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er eit møysommeleg innsamlingsarbeid å registrera alle opplysningane.

Det var fredag føremiddag at eit helikopter av typen Eurocopter 225 styrta på veg frå Gullfaks B-plattforma i Nordsjøen til Flesland i Bergen. Alle dei 13 om bord har truleg omkome i styrten, men politiet vil korkje bekrefta eller avkrefta kor mange personar ein har funne på åstaden.

- Vi operer ikkje med noko tal på kor mange som er sakna etter ulukka, sa Landro på pressebriefen.

Politiet fortalde laurdag om eit tøft arbeid på staden der helikopteret gjekk ned.
Politiet fortalde laurdag om eit tøft arbeid på staden der helikopteret gjekk ned.

Føreløpig har politiet gjort eit grovsøk i området der helikopteret gjekk ned. No startar arbeidet med finsøket.

- I løpet av kvelden og morgondagen veit vi meir om kor lang tid identifiseringsarbeidet kjem til å ta. Vi har gjeve oss sjølv ein frist på fem dagar. Då bør vi vera ferdige. Føresett at alle er funnet, fortalde Angel.

 

Årsaka til ulukka

ID-gruppa arbeider ikkje berre med identifisering av offera. Dei skal også sikra spor med tanke på å belysa kva som hendte då helikopteret styrta.

- Ved å sikra spor kan vi seia noko om årsaka til ulukka, om han skuldast brann, ein eksplosjon eller teknisk svikt, sa Angel.

Artikkelen held fram under annonsen.

I går vart det klart at dei 13 personane om bord representerte selskapa Halliburton, Aker Solutions, Welltec, Schlumberger, CHC Helicopter Service og Karsten Moholt AS. Politiet ønskjer ikkje å gå ut med namn på dei omkomne før dei er formelt identifiserte.

- Det er viktig at dei pårørande vert varsla først, påpeika politiet.

- Vis omtanke

I Os vart kriseteamet kobla inn alt då dei første meldingane om ulukka kom fredag føremiddag.

- Vi ønskte å skaffa oss oversikt over situasjonen. Vi veit at det er fleire osingar aom arbeider på Gullfaks-feltet i Nordsjøen, og vi såg føre oss fleire aktuelle scenario, fortel leiar for kriseteamet i Os, Stein Gjøsund.

Ved legevakta i Os har det vore auka bemanning sidan fredag ettermiddag.

- Vi har gått gjennom sak med dei tilsette og forsikra oss om at vi har fagpersonell tilgjengeleg gjennom helga. Det gjeld både psykiatrisk sjukepleiar, psykolog og andre, seier Gjøsund.

Gjøsund vil på noverande tidspunkt ikkje bekrefta om Os er direkte råka av ulukka, men seier at dersom nokon har trong for bistand eller hjelp, så står kriseteamet i Os klart.

- Fokuset vårt er på dei som er råka. Det er viktig at dei som har trong for hjelp, får det, seier han og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- I alle slike tragiske hendingar er openheit eit nøkkelord. Om naboar, familie eller vener lurer på om dei skal ta kontakt, om dei skal tora å ringja, så er rådet frå fagfolk: Lurer du på om du skal gjera det, så gjer det. lurer på noe, så gjer det. Ver medmenneske, vis at du tenkjer på dei som er råka, spesielt når det er gått litt tid, og interessa frå media har byrja å avta, er rådet frå leiaren i kriseteamet i Os kommune.