I Os kommune ønskjer ein at det skal vera kort veg for presentasjon av idear og forretningsplanar. I mars inviterer Os Næringsråd og Bjørnafjorden Grûnderpark til IdeLARM.
I Os kommune ønskjer ein at det skal vera kort veg for presentasjon av idear og forretningsplanar. I mars inviterer Os Næringsråd og Bjørnafjorden Grûnderpark til IdeLARM.

Idétreff i gründerparken

Ikkje alle med gode idear har idé om korleis dei kjem vidare. Då kan det løna seg å treffa likesinna.

I mars månad inviterer Os Næringsråd og Bjørnafjorden Grûnderpark til «IdèLARM» i Grûnderparken i Os sentrum.

Tanken er å stimulera unge grûndarar til å jobba vidare med gode idéane sine og kanskje hjelpa dei eit steg vidare på vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

To kveldar

Til no er det planlagt to IdèLARM-kveldar – torsdag 15. og torsdag 22. mars.

– Eg trur dette blir veldig kjekt. Me har alt fått ein del førespurnader om arrangementet. Det er mange som har gode idear i Os, seier næringssjef i Os, Daniel Skotheim.

Prosjektleiar i Os Næringsråd, Fredrik Schmidt Fotland, presiserer at det er låg terskel for kven dei tek imot.

– Me pratar ikkje naudsynt om oppfinnarar. Det kan like godt vera folk med forretningsidéar og liknande. Me snakkar om folk som har ein draum. Kanskje kan me hjelpa dei litt vidare, seier Schmidt Fotland.

Næringssjef Skotheim er samd.

– Eg tenkjer nærast at me er på «serviett-stadiet». Det kan vera folk som berre har tenkt på noko og teikna nokre skisser. Kanskje kan eit møte hjå oss få dei til å ta idéen vidare, seier han.

Nye samarbeid

Etter planen vil arrangørane stilla med eit fagpanel på begge ide-kveldane. Dei vil så koma med innspel til deltakaranes planar og visjonar.

– Deretter vil me setja deltakarane i gruppar og be dei jobba litt med kvarandres idear. Kanskje oppstår nye samarbeid, seier Skotheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det handlar om å koma ut og prata saman. Når folk gjer det, så skjer det ting. Ta til dømes ei lefsebakar-frue frå Hegglandsdalen som ikkje har lappen og ein budbilsjåfør frå Halhjem. Hadde ikkje dei hatt godt av å møtast, spør Schmidt Fotland retorisk.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no