Tom Remlov og Ole Tobias Lindeberg viser at streamen er oppe og går.
Tom Remlov og Ole Tobias Lindeberg viser at streamen er oppe og går.

Ikkje nervøs, men spent

Lenge har Tom Remlov, sjef for riksteatret, hatt ein draum om å få visa teaterets framsyningar fleire stader ved hjelp av live-streaming. Kort tid før han får draumen realisert i Oseana, fortel han til Os & Fusaposten at han er spent.

- Eg er veldig spent fordi det er ei livesending, og vi er avhengige av at teknologien fungerer. Eg er også spent på om vi klarar å gje dei som ikkje er i stand til å koma til Oseana og oppleva dette sjølve, ein fullverdig oppleving, som om dei var tilstades, seier Remlov.

Ei spanande løysing

Oseanadirektør, Ole Tobias Lindeberg, er roleg før sendinga startar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har testa teknologien så mange gonger at eg trur at dette skal gå fint, seier han.

Framsyninga som skal visast i Oseana og streamast derfrå i kveld, er «Fortrolige samtaler» i Liv Ullmanns regi. Dei som er så heldige å få ta del i pilotprosjektet, er Luranetunet og Bergen Røde Kors Sykehjem.

- Riksteatret reiser rundt og har ei framsyning på kvar stad, på dei ulike spelestadane. Det vil seia at det ikkje er alle som får tak i billett, og dermed ikkje får sett framsyninga. Det er også personer som ikkje er i stand til å møta opp i salen. Difor er dette ei spanande løysing, og vi håpar at det kjem til å fungera, seier Remlov.

Framsyninga som skal visast i Oseana og streamast derfrå i kveld, er "Fortrolige samtaler" i Liv Ullmanns regi.
Framsyninga som skal visast i Oseana og streamast derfrå i kveld, er "Fortrolige samtaler" i Liv Ullmanns regi.
Tom Remlov, informasjonssjef og pressekontakt i riksteatret, Mette Hægeland Blom, og Ole Tobias Lindeberg og Janne Mari Hjelle i Oseana.
Tom Remlov, informasjonssjef og pressekontakt i riksteatret, Mette Hægeland Blom, og Ole Tobias Lindeberg og Janne Mari Hjelle i Oseana.

- Godt besøkt - ofte utselt

- Kvifor falt valet på Os og Oseana?

- Det er grunna Ole Tobias. Han tok kontakt og sa at Oseana veldig gjerne ønskte å vera med på dette prosjektet. Dei var topp motiverte, samt at dei hadde planar og dei rette kontaktane for å få dette til. Framsyninga passar også godt, då ho består av samtalar og regien er ikkje komplisert. Ein treng ikkje seks kamera for å fanga opp kva som skjer, seier Remlov.

- Kva synest du om Oseana?

- Riksteatret er veldig begeistra over Oseana. Folka er proffe og salen er flott. Framsyningane er godt besøkt og ofte utselt, seier Remlov og held fram:

- Då Førstereis med Helge Jordal blei utselt i Oseana i fjor, såg vi at det var mogleg med ei ekstra framsyning. Oseana-leiinga brukte berre 20 minutt på å ta avgjera om å gå for det - og også denne blei utselt. Det gjorde at to fulle salar, det vil seia 1.000 personar, fekk med seg Førstereis. Det vitnar om at Oseana jobbar for publikum. Slik skal det vera!