Atle Kvåle (Ap) er glad for at regjeringa ønskjer å satsa på E134. Men ordføraren i Fusa ønskjer ikkje å spekulera i om valet kan få konsekvensar for ferjefri E39. (Arkivfoto)
Atle Kvåle (Ap) er glad for at regjeringa ønskjer å satsa på E134. Men ordføraren i Fusa ønskjer ikkje å spekulera i om valet kan få konsekvensar for ferjefri E39. (Arkivfoto)

Indre trasé: Framleis uaktuelt?

Samferdslepolitikar Atle Kvåle (Ap) kalla valet om E134 som éin av to hovudtrasear mellom Vestlandet og Austlandet ein gledas dag. Men kan valet blåsa nytt liv i debatten kring E39 og indre trasé? Kvåle ønskjer ikkje å spekulera.

På Folkeaksjonen for ny E39, indre trasé si Facebook-side skriv ein følgjande om valet av E134 som ny hovudtrasé mellom aust og vest: "Nå snakker de vårt språk, en liten justering på kartet så er vi enige (Stord via Fusa og påkopling på E39)". Kvåle derimot viser til vedtaket frå desember 2013 om midtre trasé.

- Eg støttar meg på det vedtaket som regjeringa gjorde for to år sidan, og så brukar eg energien min på å gjera det beste ut av det, nemleg å sikra gode påkoplingsvegar til E39, seier samferdslepolitikaren og ordføraren i Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- For fusingane sin del vil det vera mest aktuelt å kopla seg på den nye vegen i Os-området, legg Kvåle til.

Forutan å vera del av samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune, har Kvåle site i styret for Haukelivegen AS dei fire siste åra.

Sjølv om samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) peika på E134 som éin av to vegar mellom aust og vest like før jul, hadde samferdsleministeren ingenting nytt å melda om den såkalla Hordalandsdiagonalen, ei vegstrekning som etter planen skal føra trafikken frå E134 til Bergen via Odda, Jondal, Strandebarm og Eikelandsosen.

Som følgje av avklaringa kring E134, vert arbeidet med Hordalandsdiagonalen ifølgje Kvåle endå viktigare.

- Fram mot ny Nasjonal Transportplan for 2018-2029 må det arbeidast politisk med å synleggjera kor godt prosjektet er, meiner Kvåle.

Ap-politikaren trur prosjektet vil bidra til å utvida bu- og arbeidsmarknadsregionen til vestlandshovudstaden heilt til Midthordland.

- Infrastruktur er bu- og næringsutvikling i praksis. Det er ingen tvil om det. Berre sjå kva som hendte då Askøy og Sotra fekk bru, påpeikar Kvåle.