Utvida tilrådingar: For å avgrensa smitte, har Folkehelseinstituttet kome med utvida tilrådingar om karantene.

Ingen er påvist smitta - men tilrådingane for karantene er utvida

Her er siste nytt om koronaviruset i Bjørnafjorden.

Det er framleis ikkje påvist smitte av det nye koronaviruset i Bjørnafjorden kommune. For å avgrensa smitte, har Folkehelseinstituttet kome med utvida tilrådingar om karantene.

– Har du vore på reise i område med vedvarande smitte av koronavirus? Då skal du halda deg heime i 14 dagar etter heimkomst, uavhengig av om du har symptom eller ikkje. Dette er særleg viktig for helsepersonell, lyder den oppdaterte tilrådinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så langt har åtte personar i Bjørnafjorden blitt testa for det nye koronaviruset og alle prøveresultata er negative. Personane har blitt testa heime av prøvetakingsteamet frå kommunen. Ingen er alvorleg sjuke.

Har du vore på reise i smitteområde? Eller fått feber, sår hals, hoste eller pustevanskar etter nærkontakt med ein person som har fått påvist koronasmitte? Ring fastlegen din eller legevakta på 116117.

Dette er område med vedvarande spreiing av koronaviruset. Merk at heile Nord-Italia (nord for Roma) no blir rekna som område med utbreidd spreiing.

Les meir om heimekarantene og heimeisolering i samband med covid-19

Slik førebygger du smitte av koronavirus