Ingen skule torsdag: Rektor Kjersi Wolden og skulen har sendt ut melding.

Os ungdomsskule vert stengt torsdag etter branntilløpet onsdag

Det opplyser rektor ved Os ungdomsskule onsdag kveld.

– Grunna branntilløpet på Os ungdomsskule vil skulen vera stengt i morgon. Vi kjem med meir informasjon når vi veit meir om omfanget. Alle elevar møter på meet med kontaktlærar kl. 08.25 i morgon tidleg, er meldinga som har gått ut frå rektor Kjersti Wolden nyleg.

Les også
Sprinkleranlegg utløyst etter brann på Os ungdomsskule

Ho legg til til Os & Fusaposten at dei ikkje får ytterlegare informasjon om omfanget av skadane etter branntilløpet før seinare onsdag kveld eller torsdag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Brannvesenet er ferdig på staden - dette seier dei om tilstanden til bygget
Les også
Bekymra rektor ventar på avklaring om elevane kan møta på skulen torsdag