Innbrot: Politiet opplyser om eit innbrot i ein bustad i nærleiken av sentrum.

Innbrot i bustad: — Dei har hogd seg inn med øks og brekkjern

Politiet fortel om det som no står fram som eit pussig innbrot.

Det skal ha skjedd eit innbrot i ein bustad i nærleiken av Os sentrum. Nett kva tid det har skjedd, er huseigar ikkje sikker på.

— Det er fordi at dei har vore bortreist. Innbrotet skal ha skjedd i tidsrommet frå måndag 28. september til måndag 5. oktober, fortel politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saka er under etterforsking. Huseigar kan førebels ikkje sjå at det er stole noko av verdi, fortel Lyssand.

— Her har dei hogd seg inn i kjellaren med øks og brekkjern, for å få tilgang til huset, men det er altså ikkje opplyst at dei har stole noko av verdi. Ei spesiell sak som vi må etterforska og koma til botn i, seier Lyssand.