Innfører forbod mot open eld

Fusa kommune innfører forbod mot open eld frå og med i dag.

- Det tørre, varme vêret vi har no medfører uttørking av vegetasjonen og dermed auka brannfare. Brannsjefen innfører difor forbod mot open eld med heimel i Forskrift om brannførebygging, opplyser brannsjef i Fusa Gunnar Hatlelid til kommunens heimesider.

Forbodet gjeld i skog, i anna utmark og i område som grensar til skog og utmark, også på tilrettelagte bål/grillplassar. Forbodet vert innført for å unngå utmarksbrannar, vert det opplyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ikkje målepunkt for skogbrannindeksen i vår kommune, men vi må rekna med at skogbrannindeksen for Fusa ligg på minst same nivå som for Bergen, og der er faren svært stor, kommenterer brannsjef Hatlelid.

Forbodet gjeld inntil vidare og vert vurdert fortløpande. Oppheving av forbodet vil bli varsla på Fusa kommune sine nettsider.