Avgangene mellom Halhjem og Våge på Tysnes er førebels innstilte måndag ettermiddag.
Avgangene mellom Halhjem og Våge på Tysnes er førebels innstilte måndag ettermiddag.

Innstilte ferjer

Ein slange i propellen er årsaka til ventetid på ferjesambandet Halhjem-Våge.

Innstellinga vart gjort gjeldande frå klokka 15.30 i dag, men om ikkje mannskapet, ved hjelp av brannvesen får ordna opp i problemet, men det føra til fleire innstellingar utover kvelden.

- I fyrste omgang har me kansellert to turar. I verste fall blir det kansellert ein rundtur til. Eg veit ikkje kor lang tid brannvesenet brukar for å mobilisera, men me vonar å koma i rute som fort som mogleg, seier kaptein på MF Selbjørnsfjord, Torbjørn Skår, til Bladet Tysnes.