Jonsokfeiring med bål er noko mange har tradisjon for rundt i bygdene i Fusa. I år er det første gong det blir stor felles feiring i Eikelandsosen. Her frå midtsommarsfeiring på Peraneset eit år. (Arkivfoto)
Jonsokfeiring med bål er noko mange har tradisjon for rundt i bygdene i Fusa. I år er det første gong det blir stor felles feiring i Eikelandsosen. Her frå midtsommarsfeiring på Peraneset eit år. (Arkivfoto)

Inviterer til felles Jonsokfeiring

- Dette er ei fin sjanse til å møtast på tvers av nasjonalitetar og alder, og til å feira midtsommar i Fusa, seier Bodil Samnøy i fritidsgruppa for integrering i Fusa.

Åsa Nord

Artikkelen held fram under annonsen.

asa.nord@osogfusa.no

Fritidsgruppa for integrering i Fusa arrangerer Jonsokfeiring for alle i Eikelandsosen på torsdag 23. juni.

Gruppa har fungert i halvanna år og består av kulturleiar Erik Vangsnes, flyktningekonsulent Knut Venge, Heidi Skår som er fritidsleiar i kommunen og koordinator for fritid for flyktningar, samt Bodil Samnøy i Fusa Frivilligsentral.

Dei er ikkje berre til for flyktningar - men også andre som er nye i Fusa.

Jonsokfesten har vore under planlegging lenge, så no håper dei mange blir med på feiringa.

- Det blir langbord, grill, musikk og underhaldning, lovar Samnøy.

Korgafest med grill og issal

Dei kallar det korgafest, noko Samnøy gjerne forklarer nærare:

- Vi lagar til eit stort langbord. Så må folk ta med seg mat til seg og sin familie. Vi skaffar ein stor grill, som alle får bruka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tønnekafefen har sagt ja til å selja is og brus.

Elles er det lagt opp til at alle tar med den maten dei treng.

Arrangemnetet finn stad på Tusenårplassen.

- Om nokon lurar på kvar det er, så er det plassen rett utanfor kommunetunet og senteret, mellom Neset og Leiro, ned mot kaien. Det skal vera godt synleg når ein kjem der, forklarer Samnøy

Bryllup og fiskekonkurranse

I løpet av kvelden blir det enkelte underhaldningsinnslag.

Eit klassisk "jonsokbryllup", med born kledd opp med klede frå Bruktbua er blant det som står på programmet. Pluss fiskekonkurranse.

- I fiskekonkurransen er det om å gjera å få størst fisk. Det kan bli kjekt for både små og store.

Bål blir det sjølvsagt også.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Brannvesenet er utfordra på å ta ansvar for bålet, så er vi sikre på at det blir trygt, fortel Samnøy.

Ellers blir det musikk, prat, mat og det folk sjølv gjer ut av kvelden.

- Vi vil det skal vera låg terskel for å delta i feiringa, arrangementet er gratis og ope for alle, så det er berre å koma og vera med, seier Samnøy.

Potensiale for ny tradisjon

Ho kjenner ikkje til at det har vore skipa til noko slikt i Eikelandsosen tidlegare, og håper å få vist fram norske og fusiske jonsoktradisjonar til både arbeidsinnvandrarar og flyktningar i bygda.

- Italienarar og spanjolar feirar også midtsommar i sine land. No får vi visa korleis vi gjer det her.

Ho håper mange fusingar kjem på festen, sjølv om enkelte kanskje har eigne tradisjonar for kvar dei brukar feira.

- Vi håper på bra vêr og ser for oss at dette blir veldig kjekt. Så vi håper å samla mange. Også med tanke på integrering.

Ho trur kanskje det blir litt lettare å snakka med kvarandre når ein har med ungane og er ute.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er alltid spennande når vi prøver oss med noko nytt, men om vi er skikkeleg optimist, så kanskje dette kan blir ein tradisjon.