Opplæringsansvarleg i Os Røde Kors, Kristian Strønen, saman med leiar i hjelpekorpset, Atle Vågstøl.
Opplæringsansvarleg i Os Røde Kors, Kristian Strønen, saman med leiar i hjelpekorpset, Atle Vågstøl.

Inviterer til førstehjelpskurs

Os Røde Kors inviterer alle osingar på førstehjelpskurs. - Dette gjer vi for at flest mogleg skal få læra livreddande førstehjelp. Ikkje for å rekruttera, seier Kristian Strønen.

Kristian Strønen er opplæringsansvarleg i Os Røde Kors. Sjølv om han seier at dei ikkje arrangerer kurs for å rekruttera, er det ikkje noko hemmelegheit at Røde Kors alltid har brukt for engasjerte hovud.

- Førstehjelpskurset er del av ein landsomfattande Røde Kors-kampanje. Førstehjelpskurs for publikum er i år tema for å markera den internasjonale Røde Kors-dagen, som er 8. mai, seier Strønen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Datoen for kurset er ikkje bestemt, men slik det ser ut, vil kursinga gå føre seg tett opptil av den internasjonale Røde Kors-dagen.

- Vi kjem attende når vi har meir materiell og informasjon å koma med, seier Strønen.

(Søndag blei framtidige hjelpekorps-medlemmer kursa i Kolskogen. Den saka kan du lesa her:Dei livsviktige minutta)

Ope for alle

På kvart kurs er det plass til 15 personar. Kor mange førstehjelpskurs det blir, er avhengig av interessa frå publikum i Os, fortel leiar i Os Røde Kors Hjelpekorps, Atle Vågstøl.

- Om det blir eitt eller fleire kurs, kjem an på interessa frå publikum. Kanskje vi til og med arrangerer open dag, seier Vågstøl og legg til:

- Vi fekk e-post om kampanjen for kort tid sidan, så vi har ikkje alle detaljane på plass enno.

Dei to understrekar at ein ikkje må vera medlem for å melda seg på.

- Kven som helst kan melda seg på. Ein får læra det viktigaste når det kjem til førstehjelp.