Lite offer: – Eg kan ikkje akkurat seia at eg gler meg til dette, men eit par minutt med liding for meg er eit lite offer når ein tenkjer på konsekvensane av klimaendringane, seier Hege Bjørnør (SV).

Inviterer til «Isbading mot klimaendringar»: - Klimakrisa er vår tids største trugsmål

I morgon inviterer Bjørnafjorden SV til «Isbading mot klimaendringer».

Aksjonen er ein del av ein nasjonal aksjonsdugnad etter initiativ frå Lars Haltbrekken.

– Klimakrisa er vår tids største trugsmål og vi må handla no. SV ønskjer å kutta utslepp med minst 60%. Vi veit at det er mogleg, men det krev handlekraftige politikarar som tek klimakrisa på alvor. Vi må handla no, seier leiar i Bjørnafjorden SV, Hege Bjørnør, i ei pressmelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Bjørnafjorden skjer badinga ved Oseana, og Bjørnør er ei av dei som skal bada mot klimaendringer.

– Sjølv om klimakrisa er ei global krise, er det viktig å fokusera på ho og sjå kva ein kan gjera nasjonalt, regionalt og lokalt, meiner ho.

KLEM-plan

Torsdag skal kommunestyret handsama planprogrammet for klima-, energi-, og miljøplanen (KLEM) for Bjørnafjorden kommune i kommunestyret.

– Det viktigaste no er å sørgja for at planen inneheld ambisiøse mål om kutt i klimagassar. I budsjett for 2021 vart det vedteke at Bjørnafjorden skal ha ein klimavisjon om å bli eit nullutsleppssamfunn innan 2030. Denne visjonen må òg vera med i KLEM-planen, meiner Bjørnafjorden SVs kommunestyrerepresentant Asle Olsen.

I skrivande stund er det meldt overskya og 7 grader torsdag, og Bjørnafjorden er isfri, men kaldt vert det nok uansett.

– Eg kan ikkje akkurat seia at eg gler meg til dette, men eit par minutt med liding for meg er eit lite offer når ein tenkjer på konsekvensane klimaendringane vil ha for dei som kjem etter oss om vi ikkje gjer noko no, seier Bjørnør.