Bruarøy og Seliussen er ikkje framand for litt leik sjølve. Med aktivitetar på Kyrkjeflaten håper dei at fleire barnefamiliar vil ta turen innom sentrum. - Hinderløypa er eit godt supplement til oppdrageringa på Øyro. Målet er å skapa endå meir liv, seier dei.
Bruarøy og Seliussen er ikkje framand for litt leik sjølve. Med aktivitetar på Kyrkjeflaten håper dei at fleire barnefamiliar vil ta turen innom sentrum. - Hinderløypa er eit godt supplement til oppdrageringa på Øyro. Målet er å skapa endå meir liv, seier dei.

Inviterer til leik på Øyro

Varaordførar Marie Bruarøy og utviklingssjef Fredrik Seliussen vil ha meir leik og moro i Os sentrum. I første omgang planlegg dei ei hinderløype på Kyrkjeflaten. Løypa skal stå klar i løpet av den neste månaden.

- Vi må ha løypa på plass raskt slik at vi får utnytta siste rest av sommaren, påpeikar Bruarøy.

Saman med Seliussen fungerer ho som ei slags sjølvutnemnd leikegruppe hjå Os kommune. Målet deira er å skapa meir aktivitet for born i sentrum, og dermed trekkja fleire barnefamiliar til Øyro.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har teke føre oss moglegheitsstudia som Asplan Viak laga på oppdrag for Os kommune, og sett nærare på det som vert kalla grøntdraget. Visjonen vår på sikt er å knyta saman Kyrkjeflaten i sentrum og leikeparken på Lyngheim ved hjelp av ulike aktivitetar, fortel Bruarøy.

- Ei uutnytta perle

Første steg er ei hinderløype på Kyrkjeflaten. Eller til høgre for det som gjerne vert oppfatta som sjølve flaten, om ein skal vera meir presis.

- Vi ønskjer ikkje å leggja avgrensingar på arrangementa som vert arrangerte på Kyrkjeflaten i samband med til dømes 17. mai, forklarar Bruarøy.

Varaordførar Marie Bruarøy og utviklingssjef Fredrik Seliussen ser føre seg hinderløypa på Kyrkjeflaten som starten på ei aktivitetsløype gjennom Osøyro. - Visjonen vår på sikt er å knyta saman Kyrkjeflaten med leikeparken på Lyngheim, seier duoen.
Varaordførar Marie Bruarøy og utviklingssjef Fredrik Seliussen ser føre seg hinderløypa på Kyrkjeflaten som starten på ei aktivitetsløype gjennom Osøyro. - Visjonen vår på sikt er å knyta saman Kyrkjeflaten med leikeparken på Lyngheim, seier duoen.

Installasjonane vert difor plasserte innimellom trea "vegg i vegg" med den gamle postvegen.

- Det vert balanseapparat, ei lita zipline, stader der ein kan hoppa og krypa, og ein tunell, seier vararordføraren og kallar den grøne lunga kommunen har sett seg ut for ei uutnytta perle.

- Vi var på studietur til København i regi av fylkesmannen. Der lærte vi mellom anna om sentrumsutvikling, fortetting og korleis ein kan fylla romma mellom bygningane på ein betre måte. I København er dei mykje flinkare til å utnytta areal enn det vi er. Dei har leikeplassar over alt, seier Seliussen.

Lågt og lågt

Hinderløypa vert til i samarbeid med Os Asvo, som har erfaring frå mellom anna klatreparken Høyt og lavt på Valle.

- Det vert ikkje høgt, det vert lågt, seier Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Lågt og lågt, skyt Seliussen inn.

Vidare ser duoen føre seg å leia born, foreldre og besteforeldra frå Kyrkjeflaten, via Telthusplassen og inn i sentrum.

- Vi har alt hoppesteinane i Baronselva. I tillegg kan det verta aktuelt å måla tal og bokstavar på veggene mellom Kyrkjeflaten og Telthusplassen for å synleggjera at her skjer det noko. Kanskje får vi til og med plass til ein Boccia-bane, seier varaordføraren.

- På torget vert det dessutan vassleik som ein del av det nye Bydraget. Tiltaka er enkle og rimelege, men effekten er stor, legg ho til.

Permanent?

Om hinderløypa på Kyrkjeflaten vert eit permanent tilskot til sentrumskjerna, kjem an på kva ein legg i uttrykket permanent. Seliussen kallar løypa for ein "instant playground".

- Om det er føremålstenleg å flytta løypa, gjer vi det. Det vil også vera mogleg å byta ut enkelte element dersom det er ønskjeleg, seier han.

Duoen understrekar at det er ingenting av det som finst av tre og buskar på Kyrkjeflaten på noverande tidspunkt som skal bort. Kanskje bortsett frå eit par greiner her og der.

- Vi skal snirkla oss innimellom trea på ein skånsam måte. Vi treng ikkje mindre grøntareal i Os sentrum, vi treng heller meir, påpeikar Bruarøy.