Saman med eit knippe frivillige frå Søre Fusa sørgjer dagleg leiar hjå Fusa frivilligsentral, Bodil Samnøy (t. h.) for at fusingane sør i kommunen får ein møtestad. Her er Samnøy avbilda i lag med Astrid Heidal, tidlegare leiar for frivilligsentralen. (Arkiv
Saman med eit knippe frivillige frå Søre Fusa sørgjer dagleg leiar hjå Fusa frivilligsentral, Bodil Samnøy (t. h.) for at fusingane sør i kommunen får ein møtestad. Her er Samnøy avbilda i lag med Astrid Heidal, tidlegare leiar for frivilligsentralen. (Arkiv

Inviterer til mat og prat i Søre Fusa

Om du har sakna ein møtestad i Søre Fusa bør du lesa vidare. Saman med Fusa frivilligsentral skal frivillige arrangera torsdagskafé.

- Det starta med ei idémyldring i Søre Fusa. Eg tok kontakt med eit knippe eldsjeler i området for å høyra kva dei sjølv tenkte om å ha ein lokal møtestad, opplyser dagleg leiar i Fusa frivilligsentral, Bodil Samnøy.

Idémyldringa førte etter kort tid til ei rekkje konstruktive forslag om kvar og korleis ein kunne få tiltaket i hamn. Og frå i haust av vert det altså torsdagskafé den siste torsdagen i månaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kafeen vert arrangert på ulike stader kvar månad. Førebels er det klart at Baldersheim, Nordtveit og Sævareid vert åstad for haustens torsdagstreff.

- Dei frivillige tek sjølv ansvar for kafeen og det som eventuelt vert av program. Kafeen skal først og fremst vera ein møtestad med mat og prat, fortel Samnøy.

Fusa frivilligsentral hjelper i samarbeid med Fusa kommune til med koordineringa og marknadsføringa av kafeen.

- Det er viktig at ulike menneske på tvers av generasjonar og nasjonalitetar kan møtast. Ved å bruka ulike møtestader ønskjer dei frivillige å nå ut til ein størst mogleg del av bygdefolket, påpeikar Samnøy.