350 brannstasjonar over heile landet opnar dørene for små og store laurdag. I fjor hadde brannstasjonane heile 250.000 besøkjande i samband med arrangementet. Her frå Os brannstasjon i fjor. (Arkiv
350 brannstasjonar over heile landet opnar dørene for små og store laurdag. I fjor hadde brannstasjonane heile 250.000 besøkjande i samband med arrangementet. Her frå Os brannstasjon i fjor. (Arkiv

Inviterer til open brannstasjon

Laurdag får store og små born høve til å vera brannmann for ein dag. Då er det open brannstasjon både i Eikelandsosen og på Os.

Fusa brann og redning inviterer mellom anna vaksne og born til å delta i ei kunnskapsløype. Alle som er med får diplom. Ein tur med brannbilen kan det også verta.

I tillegg til aktivitetar for heile familien, har Fusa brann og redning fokus på brannsikring av heimane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- På brannstasjonen får ein informasjon om korleis ein kan sikra heimen mot brann, opplyser brannsjef Gunnar Hatlelid.

Brannsjefen oppmodar òg folk om å ta med eige sløkkjeutstyr slik at ein kan få det kontrollert og godkjent.

250.000 besøkjande

Open brannstasjon er del av brannvernveka, ein nasjonal informasjonskampanje som vert arrangert kvar haust av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) og If Skadeforsikring.

I samband med kampanjen vert alle oppmoda om å ta del i det som vert kalla "Nasjonal brannøving".

- Folk kan delta ved å gjennomføra brannøvingar heime eller på jobben, seier Hatlelid ifølgje nettsida til Fusa kommune.

350 brannstasjonar over heile landet opnar dørene for små og store laurdag. I fjor hadde brannstasjonane heile 250.000 besøkjande i samband med arrangementet.

- Arrangementet samlar vaksne og born til morosam læring med ein alvorleg undertone i det vi går inn i ei årstid der talet på bustadbrannar vanlegvis aukar i takt med at vi trekkjer innandørs, skrur på varme, fyrer i omnen og tenner lys, heiter det på brannvernveka si nettside.

Materiell og mannskap

Os brann, beredskap og legevakt ønskjer også velkomen til open brannstasjon laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Born og vaksne vert inviterte til å sjå beredskapsbygget frå innsida. Brann, ambulanse, legevakt og politi stiller med materiell og mannskap for å informera om oppgåvene deira i samfunnet, opplyser brannvesenet i Os.