Open kyrkje: – Her kan ein setja seg eit par minutt eller ein heil time, men då er det fint om du ser deg «over skuldera» av og til for å sjå om fleire har lyst til å koma inn, fortel kantor Iman de Zwarte.

Inviterer til open kyrkje i Strandvik

I kveld innbyr Fusa sokneråd og Strandvik Kyrkjeutval igjen til «Open kyrkje».

Kyrkja vil vera open i ein time tysdag kveld.

– Her kan ein setja seg eit par minutt eller ein heil time, men då er det fint om du ser deg «over skuldera» av og til for å sjå om fleire har lyst til å koma inn, fortel kantor Iman de Zwarte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han påpeikar at det - med tanke på covid-19 - er viktig å sprita hendene ved inngangen, halda to sitjeplassars avstand til folk ein ikkje bur i same husstand med og ta minst mogeleg av inventaret. Det kan maks vera 10 besøkjande i kyrkjerommet samstundes.

– I tillegg må vi registrera namn med tanke på eventuell seinare smittesporing, legg kantoren til

Han vil sjølv stå for det musikalske programmet.