Laurdag inviterer Per-Ove Bahus Lysvold og Bjørnefjorden golfklubb til barneskirenn på golfbanen. – Rennet er eit ledd i tankegangen om  bruka anlegget i ein større samanheng, seier Lysvold.
Laurdag inviterer Per-Ove Bahus Lysvold og Bjørnefjorden golfklubb til barneskirenn på golfbanen. – Rennet er eit ledd i tankegangen om bruka anlegget i ein større samanheng, seier Lysvold.

Inviterer til stort barneskirenn på golfbanen

Snø, snø, snø så langt augo kan sjå. For Per-Ove Bahus Lysvold hjå Bjørnefjorden golfklubb er vintervêret eit ypparleg høve til å gjera noko han har hatt lyst til lenge.

– Eg bestemte meg på måndag. Laurdag arrangerer vi barneskirenn. Med så stabilt snødekke, og strålande vêr, er det moro å finna på noko, seier Lysvold medan tidlegare styreleiar i klubben, Erik Just-Olsen labbar i veg på banen.

Just-Olsen er i ferd med å køyra opp løypene som borna skal få bryna seg i om få dagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rennet er for born i alderen 5 til 12 år. Lysvold fortel at golfklubben skal laga tre løyper. Ei litt lengre ei for dei eldste borna, frå 10 til 12 år, og ei litt kortare sløyfe for dei frå 5 til 9 år.

I tillegg vert det ei lita oppvarmingsløype.

– Nett slik som proffane har. Med dei temperaturane vi har hatt den siste veka, er det nok lurt å varma opp litt. Det nyttar ikkje å koma springande rett frå bilen, påpeikar han.

– God drahjelp

Bjørnefjorden golfklubb har fått god drahjelp frå aktivitetskoordinator i Os kommune, Grete Byrkjeland, og Svein Hausberg i friidrettsgruppa til Os Turn.

– I tillegg til å låna ein del utstyr, har vi fått mange gode tips og råd frå friidrettsgruppa. Kulturavdelinga i Os kommune har hjelpt oss med å koma i kontakt med folk. Dei skal også trykkja opp startnummer og diplomar, samt bidra med premiar, fortel Lysvold.

– Vi kjem også til å trenga mange frivillige blant golfklubben sine eigne medlemmer, legg han til.

Alt no er det mogleg å melda seg på. Det er berre å senda ein e-post til Lysvold. Elles vert det påmelding ein time før start på sjølve renndagen.

– Eg er veldig spent på kor mange som kjem. Det er gratis å delta. I klubbhuset vert det open kafé og høve til å varma seg, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lågterskeltilbod

Det har vore arrangert skirenn på golfbanen tidlegare, men ikkje i Lysvold si tid.

– Det er lenge sidan snøen har lege så lenge. Banen vert brukt som skiarena allereie, men det har ikkje vore noko organiserte aktivitetar, fortel han.

Målet med laurdagens arrangement er først og fremst å gjera noko gøy. Ifølgje den daglege leiaren skal rennet vera eit lågterskeltilbod utan høge forventningar og høge aksler.

– Det skal vera ein hyggjeleg aktivitet og eit uformelt opplegg. Vi har ei starttavle der folk kan notera ned tida si dersom dei ønskjer, men vi kjem ikkje til å ta tida på dei yngste borna, seier han.

Lysvold er ikkje framand for å arrangera skirenn på golfbanen fleire gonger. Til neste år kan kanskje vaksne skientusiastar få lov til å delta også.

– Om arrangementet vert velllukka, og vi får ting til å fungera, må vi gjera det fleire gonger, slår han fast.

Kanskje byr sjansen seg alt neste helg. Held vêret seg, planlegg nemleg Tommy Sævareid i Os orienteringsklubb å invitera til skiorientering hjå Bjørnefjorden golfklubb.

– Det føreset sjølvsagt at snøen vert liggjande, seier Lysvold og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

camilla.kvamme@osogfusa.no