Stolt og audmjuk: – Eg kjenner på stoltheit og er audmjuk over invitasjonen.

Invitert til God morgen, Norge for å snakka om sin store lidenskap

I morgon tidleg er det ein ekstra, lokal grunn til å slå på TV2.

Då er nemleg Siw Bugge Gjerdevik Kolstad invitert til morgonsendinga til tv-kanalen.

– Eg kjenner på stoltheit og er audmjuk over invitasjonen, skriv matentusiasten på Instagram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Då Siw smakte rått brød i Roma, var hennar fyrste tanke: «Dette må eg gjera betre sjølv»

Stadig fleire faste kundar gav «Mat fra hjertet»-kokken mot til å satsa endå større sist haust. Då tok ho steget og flytta frå skulekjøkenet på Nore Neset ungdomsskule til det kombinerte kjøkenet og selskapslokalet i andre etasje av Os Servicesenter.

Trass viltrettar og anna knask på menyen, tenkjer mange fyrst og fremst på rå mat og sunne, naturlege matvarer når dei høyrer «Mat fra hjertet».

Les også
Mat-misjonæren Siw er på livsviktig oppdrag

Siw har valt å samla desse rettane under varenamnet «SiwRaw».

Og i morgon skal ho få snakka om lidenskapen sin på TV. Lukke til, Siw!

Les også
Slik lagar du mat frå hjartet